- Eg vaks opp i trebransjen, men trudde likevel ikkje at eg skulle bli ein del av den

Maria Stornes er dagleg leiar i trevarebedrifta Dør- og Vindusvern AS på Vigra utanfor Ålesund.

Maria Stornes er ei av mange yngre kvinner som har tatt over leiarposisjonar i norske trevarebedrifter dei siste åra. Men det gjekk mange år før ho bestemte seg for å ta over familiebedrifta Dør- og Vindusvern AS.

 - Eg vaks opp med å vere ein del av denne bransjen, og eg besøkte ofte far på verkstedet. Likevel trudde eg nok at det var noko heilt anna eg skulle bli, til og med etter at eg hadde tatt svennebrev i snekkarfaget.

Faren Otto Stornes fekk eit stort ansvar i fanget då han tok over ansvaret for Standal og Stornes AS på Vigra i 1970, berre 16 år gammal. Nesten 40 år seinare kom Maria inn i trevarebransjen igjen, etter fleire år med heilt andre ting.

- I 2002 starta far opp restaurering- og snekkarfirmaet Dør- og Vinduvern AS, og i 2003 var eg lærling der. Så gjekk det altså nokre år der eg dreiv med andre ting, og eg var ganske sikker på at det ikkje var snekkaryrket eg skulle jobbe i. Men så førte tilfeldigheitene meg tilbake til trevarebransjen igjen, og sidan 2009 har eg vore her på fulltid.

Marknad i markant vekst
I dag har sunnmørsbedrifta fem tilsette, og marknaden innanfor restaurering, vedlikehald og fornying av gamle hus og bygningar er i markant vekst.

- Vi har rikeleg å henge fingrane i, og vi kunne nok hatt mange fleire tilsette om vi skulle tørre å satse endå meir og jobbe endå hardare. Men det er nok tilgangen på dyktige fagfolk som er den største flaskehalsen for å kunne vekse vidare og dekke opp etterspurnaden i marknaden.

Dør og Vindusvern AS har alltid vore forankra til sunnmørsøya Vigra utanfor Ålesund, og bedrifta har Møre og Romsdal som sitt viktigaste nedslagsfelt.

- Det er tydelegvis fleire og fleire som veit om oss, og eg har inntrykk av at kundane våre er flinke til å framsnakke oss. Kyrkjebygg er eit viktig satsingsfelt for oss, vi får fleire og fleire oppdrag for bygardar i Ålesund, og i tillegg har vi oftare kundar i resten av landet også, til og med på Svalbard.

Fersk medlem i Norske Trevarer
Dør- og Vindusvern AS er ei av dei ferskaste medlemsbedriftene i Norske Trevarer, og er også aktive i bransjeforeininga i Møre og Romsdal.

- Eg trur framtida er lys for slike bedrifter som oss. Folk vil gjerne ta vare på kvaliteten i gamle hus og bygg, og då blir det automatisk mykje å gjere innanfor reparasjon av dører og vindu. I tillegg er det starta ei storsatsing overfor norske kyrkjer, og dette blir eit viktig og spennande område for oss i åra framover.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: