Bykle Vindu AS

Godt handverk frå Setesdal - for norsk klima. Sidan 1984 har me produsert vindauge i Bykle. Me produserer tradisjonelle kobla vindu, vårt patenterte sprossevindu iSOKiTT®, ulike spesialvindu, vindu for antikvariske bygg og moderne vindu. Frå Bykle Vindu får du skreddarsaum og presisjon i detaljar og overflatebehandling. Runde, bua eller mangekanta vindu? Me ordnar det!

Produktkategorier

  • Vinduer

Kontaktinformasjon

Sarvsnetten 1
4754 BYKLE
AUST-AGDER

Telefon 37 93 93 00
post@byklevindu.no
http://www.byklevindu.no

iSOKiTT® levert til Bergtun i Valle

Våre iSOKiTT® sprossevindu har alle fordelane til eit kobla vindu, men ingen av ulempene. iSOKiTT® har faste sprosser utan at dette blir sett i to forskjellige rammer. Innvendig sprosse er festa mellom isolerglasa, og utvendig sprosse er festa til glaset med ekte kittfals. Med iSOKiTT® er det altså berre 2 sider å halde reine, medan kobla vindu må opnast og reingjerast på 4 sider.

Stolt handverk

Me har avanserte cnc-maskiner og dyktige operatørar som produserer ferdig maskinert komponent. Men det er også mykje handarbeid som må til før eit vindauga er ferdig! Kittfalsen som blir lagt her, vågar me å kalle vår signatur. Mange av våre tilsette har tatt svennebrev i Trevare- og bygginnredningsfaget - og me er stolte av dei og jobben dei gjer!

Antikvariske vindu til Drammen stasjon

Dette er eit av mange spennande prosjekt me har levert iSOKiTT®-vindu til. Å skifte ut gamle vindu i bygg bør vere gjennomtenkt. Det skal lite til før ein øydelegg den særprega karakteren til eit bygg - det er meir enn form og ruteinndeling som må stemme. Me har levert iSOKiTT® til mange antikvariske bygg, og får tilbakemeldingar om at desse både tek vare på bygget si sjel og brukaren sine krav til funksjon.

Godt samarbeid om Sveitservilla

Til dette flotte huset leverte me iSOKiTT®, og hadde eit godt samarbeid med EKS Design som leverte omramming rundt vindauga. Veldig moro når alle involverte er opptatt av detaljar og finish

Bjølsen skole på Sagene i Oslo

Her hadde me ein spennande jobb med å kopiere dei originale vindauga. Viktige moment for å lykkast med dette er mellom anna rammeinndeling, slagretning, proporsjonar og dimensjonar på karmar, postar, losholtar, rammer og sprossar. I tillegg må sjølvsagt vindauga målast i tidsrett farge, me leverer gjerne smale opningar mellom karm og ramme, og hengsler og beslag blir utført som dei originale og malt i same farge som vindauga.

Tradisjonelle Setesdalshus

Tradisjonelle Setesdalshus gjer seg best med Bykle vindu. Det synes i alle fall me :) Dette er huset til produksjonssjefen vår, Daniel Homme.

Magnusgården på Karl Johan

Dette er ein av mange bygårdar i Oslo me har levert vindauge til. Ein stor del av produksjonen vår går til Oslo, og me har eiga avdeling med utstilling på Kirkenær - der du kan treffe to av selgarane våre. Elles leverer me i heile landet, og på nettsida vår finn du meir informasjon om fleire utstillingar.