Snart ÅVER 100 år med handverkserfaring samla i trevarebedrifta på Lalm

Bilde av snekkergjengen på Åver handverkssnikkeri AS på Lalm i Nord-Gudbrandsdalen

Nærmare 100 år med handverkserfaring er samla i snekkargjengen ved Åver handverkssnikkeri AS på Lalm i Nord-Gudbrandsdalen. Frå venstre: Odd Ivar Frikstad, dagleg leiar Arne Sagdalen, Jon Lilleseter, Arild Lillebråten og lærling Nicolai Synslien.

- Vi har eit sterkt engasjement for handverket og snekkarfaget, og har satt oss som mål at vi alltid skal levere over det kundane forventar. Derfor også namnet på firmaet vårt.

Arne Sagdalen er dagleg leiar i Åver handverksnikkeri AS på Lalm i Gudbrandsdalen, og er ein av fem tilsette ved verkstaden, der den eine er lærling i snekkarfaget.

- Målet vårt er å føre stolte snekkartradisjonar over i ei ny tid, gjort på ein skikkeleg måte som både vi og kundane våre kan vere stolte av.

Fjellbygda Lalm ligg mellom Otta og Vågå, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Her er naturen både gåvmild og krevjande, og ved handverkssnekkeriet på Lalm gjer det tette forholdet til natur og tradisjonar at lista er lagt høgt for kvaliteten på det som skal lagast.

- Kvaliteten på trevirket og råvarene er avgjerande viktig for kvaliteten på det vi lagar. Derfor vil vi ha kontroll på dei emna vi jobbar med, og med det som utgangspunkt utviklar vi løysingar i tett samspel med kundane våre, seier Åver-sjefen.


Frå handverkssenter til Åver
Tidlegare dreiv dei eigne enkeltmannsføretak under same tak, før dei i 2009 kjøpte seg tidsmessige produksjonslokale og starta opp Lalm handverkssenter AS.

- Etter ti år med handverkssenteret ville vi fornye oss, kanskje mest i måten vi skulle omtale oss sjøl på, men delvis også i måten vi skulle tenkje på. Dette vart starten på Åver handverkssnikkeri.

Sidan det har ikkje Arne Sagdalen og karane ved snekkarverkstaden på Lalm vore arbeidsledige ein einaste dag, som han seier det Åver-sjefen.

- Vi leverer stort sett til kundar i Nord-Gudbrandsdalen, litt i Oslo-området også, men mest i vår eigen region. Vi lagar nesten alt vi blir spurt om, frå baderoms- og kjøkkeninnreingar til senger, garderober, dører, vindauge og enkle trapper. Det er mange gamle hus og hytter som skal restaurerast og stellast på, og det utgjer størstedelen av oppdraga våre.


Vil auke omsetnaden og lønnsemda
Snekkarane på Åver omsette i fjor for litt over fire millionar kroner, og dette vil dei gjerne løfte nokre hakk oppover.

- Vi ønskjer å auke omsetnaden og samtidig ta grep som også aukar lønnsemda. Der er vi nok i same båt som mange andre norske trevarebedrifter. Vi må auke lønnsemda i trevarebransjen, og det vil vi gjere noko med også her ved Åver. Dette er eit viktig fokusområde for oss i 2022.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: