Trevarenestoren fyller snart 80 og møter framleis på jobb minst fire arbeidsdagar i veka

Dag Almenning (79) er ein av nestorane i norsk trevarebransje. Han har vore administrerande direktør ved Nordvestvinduet AS i over 40 år, og er mellom anna tildelt Norske Trevarer sitt heidersteikn og «Kongens fortjenstmedalje i sølv».

Dag Almenning rundar 80 år denne våren og er ein markant nestor i norsk trevarebransje. Lista over verv, ansvar og utmerkingar er lang, og han er mellom anna tildelt «Kongens fortjenstmedalje i sølv». Dette er tredje artikkel i Norske Trevarers serie om personar som har satt store spor etter seg i trevarebransjen.

- Det er kanskje slik som med mange andre gode historier, at starten på det heile kan verke nesten litt tilfeldig og kuriøs, og for vår del starta det med at far vår reiste inn til Nordfjordeid for å kjøpe seg traktor, fortel Dag Almenning på telefonen frå den vesle bygda Almenningen i Nordfjord.

For det var her det heile starta for 65 år sidan. Gardbrukaren Jørund Almenning hadde mange idear og stort pågangsmot, og turen til Nordfjordeid endte ikkje berre med traktorkjøp. Det vart også starten på det som i tiåra etter det har utvikla seg til ei tradisjonsrik familiebedrift med tett på 100 tilsette.

I den vesle gründerbygda mellom Måløy og Nordfjordeid er det nesten like mange arbeidsplassar som det bur folk, og frå nyttår tok fjerdemann i familien, Arve Martin Almenning, over kapteinsroret ved hjørnesteinsbedrifta Nordvestvinduet AS.

- Starta opp utan utdanning
- Eg var 15-16 år då det heile starta opp, og eg hadde ikkje anna utdanning enn folkeskulen. Far ville at eg skulle begynne på fabrikken, og allereie året etter oppstarten hadde eg full stilling og vel så det. I starten lagde vi mykje forskjellig innan trevarer, alt frå dører, vindu, nattbord, garderobeskap, innredningar og til og med likkister, minnest 79-åringen.

- Spesialiseringa av produksjonen begynte å ta form utover på 80-talet, men i oppstartsåra var det om å gjere å lage mest muleg av alt det som kundane ville ha.

Dei første fire-fem driftsåra var det sunnmøringen og møbelsnekkaren Karsten Abelseth som var leiar ved AS Bygg og innbu, som bedrifta heitte den gongen. Dag begynte som lærling utan kontrakt i 1958, og undervegs fylte han på med handelsskule og anna kompetanse. Saman med ein dyktig snekkar frå bygda fekk han raskt mykje av ansvaret med den daglege leiinga av bedrifta.

- Etter at eg kom tilbake frå militæret i 1963 vart eg tildelt meir og meir ansvar, og i løpet av få år tok eg over ansvaret som dagleg leiar med tittel som disponent ved trevarefabrikken. Mot slutten av 60-talet var vi oppe i 12-15 tilsette, og derifrå har det gått slag i slag.

Fokus på utdanning og kompetanse
Fagkunnskap og kompetanse har alltid betydd mykje for Dag Almenning, og han tok tidleg både svennebrev og mesterbrev i snekkarfaget, som også omfatta kompetanse innan handel, økonomi og administrasjon.

- Når ein skal leie ei bedrift med ambisjonar om å vekse og utvikle seg, så må ein fylle på med ny kunnskap. For meg vart det avgjerande viktig å ta handelsskulen allereie i ung alder, og etter kvart bygde eg meg fullverdig kompetanse som driftsøkonom.

Dag var disponent i familebedrifta i over 40 år, før eldstesonen Jonny tok over leiarrolla ved Nordvestvinduet. Som nyutdanna ingeniør innan tre og møbel, og med faget og trevarebransjen i blodet, kom han inn med nye idear om utvikling og automatisering av produksjonen.

- Det var Jonny som skulle løfte familiebedrifta vidare, og det gjorde han på beste måte i rundt 10 år, før han dessverre døydde altfor tidleg av sjukdom, fortalte yngstebroren Arve Martin Almenning (54) då vi intervjua han etter at han tok over som administrerande direktør ved Nordvestvinduet frå nyttår i år.

- Rune Sætren var vår første administrerande direktør utanfor familien. Då han bestemte seg for å gå tilbake til entreprenørbransjen etter sju år her ved Nordvestvinduet, låg det vel i korta at det var min tur til å ta over stafettpinnen, seier Arve Martin.

Kultur for modernisering
Kulturen og tankesettet ved Nordvestvinduet AS gjer at familiebedrifta i Almenningen alltid har vore tidlig ute både med nye produkt og produksjonsmetodar, og dei var blant dei første trevarebedriftene som tok i bruk CNC-maskiner og datastyrt produksjon.

I dag er Nordvestvinduet blant dei mest moderne trevarefabrikkane i Europa når det gjeld maskiner, styringssystem og flyt innan produksjon av dører, vindu og fasadeelement. Den bedrifta som Jørund var med å etablere i 1957 er altså i dag styrt av tredje generasjon Almenning, og nestoren Dag møter framleis på jobb minst fire dagar i veka.

- Rett nok ikkje i full stilling lenger, kanskje heller 30 prosent, men det gjev meg stor glede å vere aktiv og følgje med på det som skjer. Vi har blikket framover og skal vere godt rusta for det som møter oss i framtida, seier Dag Almenning, som i mai skal markere sitt 80-årsjubileum.

- For oss har det vore ei viktig drivkraft å vere ei stødig og trygg bedrift i lokalsamfunnet her i Almenningen. Vi skal vere ein aktør som er til å stole på, og vi har alltid hatt eit godt forhold til bankar og lokale styresmakter.

Lang merittliste
Dag Almenning vart i 1997 tildelt Norske Trevarer sitt heidersteikn for sitt store engasjement for norsk trevarebransje, og då firmaet markerte 50-årsjubileet sitt i 2007 fekk han Kongens fortjenstmedalje i sølv for over 50 års innsats ved Nordvestvinduet bygg og innbu AS, samt aktiv innsats for KFUM-KFUK.

Han var varamedlem i Norske Trevarefabrikkers Landsforbund (NTL) og Norske Trevarefabrikkers Servicekontor (NTS) i 1983-1984, varamedlem i NTL og Norske Trevarefabrikkers Arbeidsgiverforening (NTAF) frå 1984-1985, styremedlem i NTL og NTS frå 1985-1990 og nestformann frå 1990-1991, samt styreleiar i NTL frå 1991 til 1996.

- Det har vore litt av ei reise, som dei brukar å seie no til dags. Og i tillegg til bedrifta og trevarebransjen, har eg også vore aktiv innan lokalpolitikken og organisasjonslivet her i Nordfjord, seier Dag Almenning.

I 2000 vart han tildelt Kommunenes Sentralforbunds heidersteikn for «langvarig og fortjenestefull kommunal virksomhet i Vågsøy kommune».

Tett samarbeid med kona Agnes
Han har framleis mange tankar både om eigen bedrift og om trevarebransjen, og han er overtydd om at det skal la seg gjere å fortsette med norsk produksjon også i framtida, viss ting blir gjort på rette måten. Då vil både automatisering, flyt og lønnsemd bli viktige stikkord, saman med fagutdanning og kompetanse.

- Det er ein ting til eg gjerne vil påpeike, som er veldig viktig for meg. Ein stor del av tida mi har gått til firmaet og arbeidet, og kona mi Agnes har vore makelaust tolmodig. Det ho har gjort opp igjennom åra står det stor respekt av, og det er eg også veldig takknemleg for.

Dette er tredje artikkelen i ein intervjuserie med personar som har betydd ekstra mykje for trevarebransjen og som er ein viktig del av historia til Norske Trevarer. Dei to første artiklane var om Tore Gran og Tor Bratengen.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: