Erlend (38) har bygd opp eit gründereventyr i kombinasjon med sterkt fokus på familien

Bilde av Erlend Gilje (38) er styreleiar og dagleg leiar i Trekompaniet AS på Klepp i Rogaland. På litt over fem år har gründerbedrifta nærma seg ein omsetnad på 60 millionar kroner.

Erlend Gilje (38) er styreleiar og dagleg leiar i Trekompaniet AS på Klepp i Rogaland. På litt over fem år har gründerbedrifta nærma seg ein omsetnad på 60 millionar kroner.

I løpet av sine seks første leveår har Trekompaniet AS på Klepp i Rogaland vorte ein trevaresuksess av dei sjeldne. I fjor var omsettinga på nærmare 60 millionar kroner, og gründeren Erlend Gilje ser både til familien og opp mot skyane når han tenkjer på korleis dette eventyret skal fortsette.

- Eg har veldig stor glede av arbeidet mitt, og sjøl om det å bygge opp ei eigen verksemd inneber nærmast døgnkontinuerleg drift, så har eg prøvd å vore knallhard på at tida mellom 16 og 20 skal ha full fokus på andre ting enn jobb. Då er det familien som kjem i første rekke, seier trevaregründeren på Orstad.

Han er utdanna møbelsnekkar ved Tryggheim vidaregåande skule i Rogaland, og heilt frå oppveksten har han hatt med seg eit brennande engasjement og ei sterk tru på snekkarfaget og trevarebransjen.

Livsretning og trevarebransje
Som namnet tilseier har han nær tilknytning til trevarekonsernet Gilje i Rogaland, og opp igjennom oppveksten har kanskje livskursen nærmast staka seg ut av seg sjøl. For det var i snekkarfaget og trevarebransjen han ville bygge opp sin eigen bedrift.

- Det er dette med å skape ting. Ikkje berre produkta som skal ut i marknaden og ut til kundane, men også det å bygge opp noko nytt på eigen kjøl. Det brenn eg sterkt for, seier ein engasjert Erlend Gilje.

- Ein sterk og levedyktig norsk produksjon blir viktigare og viktigare, slik eg ser det, og for oss i Trekompaniet er det heilt sentralt å korte ned avstanden mellom eigen produksjon og det me treng for å levere til kundane våre.

- På den måten kan me også bidra til kvalitet, arbeidsplassar og verdiskaping i Norge.


Frå null til nesten 60 på fem år
Trekompaniet AS vart registrert i 2016, og allereie året etter, i sitt første fulle produksjonsår, omsette trevaregründeren på Orstad for over 18 millionar kroner.

Og i løpet av dei neste fire åra auka omsetnaden med ytterlegare 40 millionar kroner. Men om tala på toppen av reknearket har gått nærmast i taket, så verkar han å ha beina stødig på bakken, Erlend Gilje. Han søkjer den rette balansen i livet, ei likevekt mellom dei verdiane som betyr aller mest.

- Eg har tre små barn som treng å bli kjent med faren sin, ikkje berre mora. Det er derfor eg har vore så knallhard på tida mellom fire og åtte. Då skal det vere fullstendig fritt for jobb, det er målet. Om eg ikkje tar meg tid til å prioritere på denne måten, så vil ikkje livet fungere for meg. Eg elskar arbeidet mitt og det faget eg er ein del av, men ingen ting er viktigare enn familien.

Litt betre kvar einaste dag
Han har ei uro i seg etter å gjere ting betre, gründeren i Trekompaniet. Det er jo gjerne det som er oppskrifta på det å få ting til, på framdrift og utvikling av firmaet.

- Den overordna draumen er å skape noko sjøl, utvikle dette til å bli litt betre kvar einaste dag, og på den måten bidra til norsk produksjon og lokal verdiskaping. Det er Rogaland som er hovudnedslagsfeltet vårt, men me ser eit stort potensial i heile landet. Så langt er Norge rikeleg stort nok for oss, det er mykje å ta av.

Trekompaniet leverer trebearbeidde produkt både til skular, barnehagar og andre offentlege bygg, men også til einebustader og fritidsbygg der gjerne arkitektar er ein del av byggeprosjektet.

- Me såg ei nisje i marknaden då me starta opp, og sidan det har me ikkje sett oss tilbake. Det neste store steget for vår del å profesjonalisere overflatebehandlinga av dei treprodukta me jobbar med. Også her ligg det eit uforløyst potensiale, meiner Erlend Gilje.

- Ein må jo nærmast gifte seg med ein jobb som dette, men samtidig må ein altså sette av tid til å finne den riktige balansen i livet. Så langt har det vore veldig kjekt med Trekompaniet, det er få ting som gir meg større glede enn å møte fornøgde kundar og sjå at det tilsette har det kjekt på jobb.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: