Trevaresjef blir ny ordførar i Vanylven: - Vil alltid ha eit varmt hjerte for trebransjen

Medeigar og dagleg leiar Paul Sindre Vedeld i trevarebedrifta Rovde Møbel og Design AS blir ny ordførar i Vanylven kommune på Sunnmøre.

- Eg har lært mykje av dei åra eg har vore bedriftsleiar i trevarebransjen, og eg vil veldig gjerne delta på møteplassane i bransjen også i framtida, seier medeigar og dagleg leiar i Rovde Møbel & Design AS, Paul Sindre Vedeld, som snart overtar som ny ordførar i Vanylven kommune på Sunnmøre.

- Det blir naturlegvis ein stor overgang frå industrien og trevarebransjen til å representere innbyggarane i Vanylven og dei tilsette i kommunen, seier Vedeld.

- Som bedrift kan ein sjølv styre kva kundar ein skal prioritere og konsentrere seg om, men som ordførar må ein snekre sin eigen kvardag og samarbeide tett med ein stor kommunal organisasjon.

Vanylven er den sørlegaste kommunen i Møre og Romsdal, som grensar til Vestland og tidlegare Sogn og Fjordane.

- Det er ganske store avstandar mellom sør og nord i fylket, men vi har lagt vekt på å bruke tid til å vere med på samlingar og bygge relasjonar med resten av trevarebransjen, og det har vi hatt veldig stor glede av. Mykje av det eg har lært meg som leiar i trevarebransjen kjem eg til å ta med meg over i den nye rolla som ordførar.

Vil lytte til yngre folk
Trevareambassadør Anna Regine Vada Blom er ein av dei tilsette ved Rovde Møbel & Design, og ho vart kåra til «Årets lærling» under Trevaredagene i Oslo i juni.

- Trevarebransjen treng lærlingar og yngre folk inn i bransjen, og vi vaksne har mykje å lære av å lytte til dei yngre. Det er den fremste ambisjonen min i nyjobben som ordførar, det å bygge relasjonar til dei yngre i kommunen og lytte til kva ønskjer dei har for Vanylven, seier Paul Sindre Vedeld.

- Eg vil bidra til at vi skal bli ein positiv næringskommune, som skal legge til rette for nyetableringar og gode initiativ. Vi må sjå plussane og mulegheitene, og hjelpe fram iniativa overfor regionale og sentrale styresmakter.

Bonde, drosjesjåfør og trevareleiar
Paul Sindre Vedeld har ei lang og innhaldsrik yrkeskarriere bak seg. Framleis hjelper han til med gardsdrifta på slektsgarden på Rovde, han og kona deler på å køyre drosjen i bygda, og i 2016 gjekk han inn saman med fleire andre på eigarsida av Rovde Møbel & Design AS.

- Eg har vore dagleg leiar sidan 2018, og har også bakgrunn som regionleiar for Gilde og Nortura på Vestlandet i 10 år. Også det er erfaring og kunnskap som vil vere nyttig å ha med seg i ordførarjobben.

- Som nemnt har eg hatt stort utbytte både fagleg og sosialt av å vere ein del av trevarebransjen. Det vil eg gjerne fortsette med, og eg har allereie kryssa av julemøtet til Norske Trevarer Møre og Romsdal. Akkurat den kvelden er det ikkje plass til andre ting i kalenderen, smiler Paul Sindre Vedeld.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: