- Vi er vande med å takle litt forskjellige stormkast, det er litt av kvardagen det

Lasse Dale og kona Merete Haugen Dale eig og driv trevarebedrifta Brødrene Dale AS saman med faren og svigerfaren Knut Edvin Dale. Trevarebedrifta i Dalsbygda på Søre Sunnmøre har ni tilsette, og er ei av dei ferskaste medlemsbedriftene i bransjeorganisasjonen Norske Trevarer.

- Vi er vande med å takle litt forskjellige stormkast, så uvéret «Ingunn» gjorde verken stort inntrykk eller stor skade her med oss, seier medeigar og dagleg leiar Lasse Dale i trevarebedrifta Brødrene Dale AS på Sunnmøre, som er heilt fersk medlemsbedrift i Norske Trevarer.

- Vi har det aller meste lagra innandørs, så vi trengte ikkje å bu oss så altfor mykje meir på stormen enn å tjore fast nokre stablar med plank utanfor fabrikken, fortel trevarsjefen i Dalsfjorden.

- No ser det ut til å vere over nærmast før det begynte, så her på våre kantar vart dette meir som ein storm i eit glas med vatn. Det var langt verre under uvéret «Dagmar» i 2011, då stod vindretninga slik at vi fekk ein del skader på området rundt fabrikken.

Familiebedrift over generasjonar
Det kan vere tøffe tak å drive trevarebedrift på ein liten plass, dels også langt ifrå der marknaden er, men historia viser at dei har greidd seg godt hos Brødrene Dale AS, som Lasse eig og driv saman med kona Merete og faren Knut Edvin, som også er på eigarsida i familieverksemda i Dalsbygda på Søre Sunnmøre.

- I 2022 hadde vi eit veldig godt år, slik som mange andre i trevarebransjen, der vi nådde ei omsetning på godt over 30 millionar kroner og fekk eit godt resultat. I fjor fekk vi merke nedgangen i marknaden, og omsetninga gjekk ned med rundt fem millionar, seier Lasse Dale.

- Det lysna litt igjen mot slutten av fjoråret, og vi har fått ein bra start på 2024. Det er bra med oppdrag dei komande fem-seks vekene, og det er oftast innanfor den tidshorisonten vi opererer.

Nasjonal og lokal marknad
Brødrene Dale AS har marknaden sin både lokalt og nasjonalt, og lagar dører og vindu til landbruksbedrifter over heile landet.

- Vi har tradisjonelt hatt mykje oppdrag også innanfor hyttemarknaden, men der har det nesten stoppa heilt opp akkurat no. Så derfor er det bra at vi har fleire bein å stå på, både lokalt og ellers i den næraste regionen der vi har ein del oppdrag innanfor rehabilitering og oppussing.

Fersk medlemsbedrift
Brødrene Dale AS er ein av dei aller ferskaste medlemsbedriftene i branjeforeninga Norske Trevarer.

- Det skal bli kjekt, eg har alereide vore litt med på nokre av møteplassane i regi av Norske Trevarer Møre og Romsdal, og det har gitt meg mykje positivt både fagleg og sosialt. Trevarebedriftene står ofte oppe i dei same utfordringane, ved å møtast så kan vi samarbeide og lære av kvarandre, seier Lasse Dale.

- Det er mykje spennande som skjer i vår bransje, og eg ser at vi treng å lære av kvarandre – ikkje minst av alt som skjer innanfor bærekraft og miljørekneskap. Noko er generelt for heile bransjen, mens andre ting er meir spesifikt for oss som produserer vindu, for eksempel. Eg trur det er ein del å lære av kvarandre der også.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: