- Tidlegare var det roleg hos oss på vinteren, no er det full fart heile året

Norunn Tveit er eigar og dagleg leiar i Lunden Snekkerverksted AS i Agder.

- Vi har rikeleg å henge fingrane i og vel så det. Før var det stille på vinteren, men no er det full fart heile året og ordrebøkene er fulle av større oppdrag. Tidlegare var det mest småprosjekt hos oss.

Norunn Tveit er dagleg leiar og fjerde generasjon i familiebedrifta Lunden snekkerverksted AS nord for Kristiansand. Det var onkelen til Norunns bestefar som starta opp trevarebedrifta heilt tilbake i 1929.

95-åringen på Kollungtveit er framleis i sin beste alder, og har hatt ein vekst i omsettinga på rundt tre millionar kroner i løpet av dei siste tre-fire åra.

10 millionar i 2023
- Vi omsette for rundt 10 millionar kroner i fjor, og har henta ut effekten av det som no skjer innanfor restaurering, reparasjonar og oppussing av eldre og verneverdige bygg, seier Norunn Tveit, som overtok som eigar av Lunden snekkerverksted i januar i 2022.

Tidlegare var det gjerne mindre oppdrag og småprosjekt som fylte ordrebøkene hos Lunden, men dette bildet har altså endra seg kraftig dei siste åra.

- Vi har nesten ikkje småprosjekt lengre. Oppdraga har vorte større og meir tidkrevjande dei siste åra, og vi har i stor grad lagt opp restaureringsdelen av produksjonen vår slik at det er full fart inne på snekkarverkstaden om vinteren, og så tar vi utearbeid hos kundane på våren og i sommarhalvåret.

Innanfor rehabilitering er det ofte større private hus i verna bustadområder, eller det kan vere offentlege bygg som museum og kyrkjer.

Kvalitet som marknadsføring
- Vi har aldri vore spesielt dyktige på marknadsføring hos oss, men vi har ein lang tradisjon for å fokusere på kvalitet og godt handverk, og slik sett ser dette ut til å ha vore ein god strategi for oss. Marknadsføringa er at fornøgde kundar framsnakkar oss, seier Norunn Tveit.

- Dei siste åra har det vore ein aukande fokus på å ta vare på ting, på det å reparere i staden for å rive ned og bygge nytt. Over tid er det derfor kunnskap, kompetanse og kvalitet som vinn fram. På dette området har det skjedd store endringar dei siste åra, også i forståinga for at godt handverk tar tid og kostar kroner samanlikna med nye produkt av dårlegare kvalitet.

- Viktig med tett samarbeid
Norunn Tveit er utdanna både snekkar og siviløkonom, ho er styremedlem i bransjeforeninga Norske Trevarer i Agder, og ser veldig lyst på framtida innanfor den såkalla ROT-marknaden.

- Denne delen av marknaden kjem til å bli berre større og større i åra framover. Det er langt større fokus på rehabilitering og godt handverk, og klimaendringane gjer at det blir stadig viktigare med riktig kvalitet og god materialkunnskap.

- Eg trur at nysatsingar som for eksempel «Kirkeløftet» vil føre til mange fleire oppdrag innan rehabilitering av kyrkjer og eldre bygg, og då blir det ekstra viktig at vi trevarebedriftene forsterkar det vi allereie er dyktige på, nemleg samarbeid bedriftene imellom, meiner Norunn Tveit.

- Det einaste eg er bekymra for, er tilgangen på fagfolk og kompetanse i åra framover. Der har vi ei stor utfordring både i trevarebransjen og i samfunnet ellers, og eg håpar det kan bli mykje meir fokus på dette i åra framover – også innanfor offentlege satsingar som for eksempel Kirkeløftet.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: