May Britt er ambassadør for snekkarfaget i Norge - stortrivst kvar dag på jobb

Publisert

Møbelsnekkar May Britt Straume Homme (24) har allereie vore ved Henriksen Snekkeri AS i sju år. Ho er ein av åtte snekkar-ambassadørar i Norge. Foto: Mona Hauglid.

May Britt Straume Homme har eit brennande engasjement for snekkarfaget. 24-åringen har allereie sju års fartstid ved Henriksen Snekkeri, og ho er ein av åtte snekkar-ambassadørar i Norge.

- Eg stortrivst kvar einaste dag på jobb, og gjennom rolla mi som snekkar-ambassadør kan eg utgjere ein forskjell for eit fag og ein bransje som eg brenn veldig for, seier May Britt.

- Eg er heilt sikker på at det er veldig mange fleire som ville ha elska snekkarfaget, berre dei hadde visst om det. Dei aller fleste som likar å jobbe med hendene og lage ting ville også ha likt å jobbe med tre.

- Utfordringa er å løfte fram snekkarfaget og gjere bransjen endå meir kjent, ikkje minst blant yngre folk. Det er nettopp det som er oppdraget for oss som er snekkar-ambassadørar.

- Perfekt kombinasjon
Det var faren Olav som førte May Britt inn på trevaresporet. Både han og bestefaren har yrkesbakgrunnen sin frå handverk og trefag, og kvar helg køyrer May Britt den godt over to timar lange strekninga frå jobben i Arendal og heim til mann og familie i Valle i Setesdal.

- For meg er dette ein perfekt kombinasjon. Ingen dagar er lik på jobb, vekene er fylt opp med faglege utfordringar og interessante oppdrag, og heime har eg sterk tilknytning til livet og familien min i Setesdal.

- Alltid noko nytt å lære
Arendalsbedrifta Henriksen Snekkeri AS har rundt 25 tilsette, og hadde i fjor ei omsetning på godt over 45 millionar kroner.

- Dei sju åra eg har jobba ved Henriksen Snekkeri er ei lang liste av spennande oppdrag og faglege utfordringar. Vi lagar nesten aldri to ting av same sort, alt vi lagar er produsert heilt spesielt for kvar enkelt kunde.

- Det gjer at det er alltid noko nytt å lære, alltid nye måtar å gjere ting på og alltid givande å sjå korleis det ferdige produktet finn sin plass ute hos kunden. Det gir mykje inspirasjon å sjå sluttproduktet ferdig montert.

- Viktig for landet vårt
May Britt Straume Homme er ikkje berre opptatt av å framsnakke bransjen og trevarebedriftene i Norge, men ho påpeiker også kor meiningsfullt det er å vere ambassadør for eit fag og eit yrke som ho brenn for.

- Dette er viktig overfor ungdommar og yngre folk, og utan snekkarfaget er det mange ting som stoppar opp i samfunnet. Det gjer ambassadørjobben ekstra meiningsfull.

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Nyhetsbrev fra Norske Trevarer

Avmeldingen er mottatt!

E-post: